Bryggen i Bergen er ein av dei fremste turistattraksjonane på Vestlandet. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Ser mange endringar for reiselivet etter koronaen

Reiselivsdirektør Anders Nyland i Bergen trur det blir store endringar for reiselivsnæringa etter koronapandemien.

– Vi må spreie trafikken betre enn før, og vi må slutte å lage turistfeller. Opplevinga av Bergen blir ikkje like bra dersom det er mykje folk på eit lite geografisk område. Stader som er lite turistifiserte utan mykje trengsel blir føretrekte i framtida, seier Nyland til E24.

Direktøren trur koronaen vil føre til ei varig endring i yrkestrafikken. Før pandemien stod yrkesreisande for 38 prosent av forbruket tilreisande gjester la igjen i Bergen. Han trur no at mange kurs, møte og konferansar vil halde fram med å vere digitale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trur ikkje turistnæringa vil sjå omsetningstal som i toppåret 2019 før tidlegast i 2024.

Her er fleire ting han meiner vil prege reiselivsnæringa framover:

* Reiser der gjestene er på eit geografisk lukka område, som berre kan brukast av betalande gjester, slik som all inclusive og cruiseskip, vil bli mindre populært.

* Det blir slutt på å selje opplevingar og turar berre til utanlandske turistar. Tilboda bør også appellere til lokale innbyggjarar.

* Auka etterspurnad etter meir miljøvenleg transport vil bli eit krav frå turistane.

Samstundes fryktar han at mange vil jobbe meir enn vanleg i sommar, og så heller reise til Gran Canaria i oktober-november når dei fleste er vaksinerte.

(©NPK)