Senterpartiet har falle under sperregrensa på den siste meiningsmålinga som Norstat har gjort for Vårt Land. YFoto: Ole Berg-Rusten/NTB.

Senterpartiet under sperregrensa på ny måling

Senterpartiet får ei oppslutning på 3,9 prosent på ei ny partimåling frå Vårt Land. Dermed er partiet under sperregrensa.

På målinga Norstat har laga for Vårt Land er berre Miljøpartiet Dei Grøne (2,8 prosent, ned 0,3 prosentpoeng frå førre måling) mindre enn Senterpartiet blant partia på Stortinget.

Senterpartiet er også partiet som fell mest frå augustmålinga med ein nedgang på 1,8 prosentpoeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sp-nestleiar Ola Borten Moe seier at resultatet er altfor dårleg, men trur Sp «vil ligge på et langt høyere nivå ved valget neste høst».

– Verda har endra seg radikalt sidan valet. No er det jobben vår å gjennomføre eigen politikk i ein ny røyndom med det mandatet vi fekk av folket i fjor. Eg trur derfor dette biletet vil endre seg framover, akkurat som vi har sett det siste året, seier han.

På Norstat-målinga får dei borgarlege partia eit stort fleirtal med 97 mandat. Samtidig er Høgre og Frp tre mandat unna reint fleirtal åleine. Sistnemnde er også vinnaren i målinga, med ein oppgang på 2 prosentpoeng til 15,5 prosents oppslutning.

Resten av partia får desse resultata på septembermålinga (endring i prosentpoeng frå augustmålinga i parentes): Raudt 8,3 (-0,2), SV 7,6 (+0,3), Ap 20,5 (-0,9), KrF 4,4 (+1,0), Venstre 4,3 (+0,1), Høgre 28,2 (-1,1), Andre 4,4 (+0,7).

Målinga er gjennomført blant 950 respondentar. Feilmarginen er mellom 1,1 og 3,5 prosentpoeng. (©NPK)