Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, med Ap-leiar Jonas Gahr Støre og statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg i bakgrunnen på eit folkemøte på Studentersamfundet i Trondheim i regi av NRK førre veke. Foto: Gorm Kallestad/NTB.

Senterpartiet gjer hopp på ny måling

Senterpartiet aukar oppslutninga med 1,6 prosentpoeng og endar på 14 prosent på TV 2s siste måling. Dermed hentar partiet inn noko av fallet dei siste vekene.

Partiet har totalt auka med 3 prosentpoeng på TV 2s målingar på få dagar. Førre onsdag vart partiet målt til 11 prosent.

Den markante framgangen åleine løftar Arbeidarpartiets føretrekte regjeringsgrunnlag, beståande av SV, Sp og Ap, til 86 mandat og fleirtal på Stortinget, skriv TV 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarpartiet aukar oppslutninga med 0,2 prosentpoeng på målinga og blir målt til 23,4 prosent, medan SV går tilbake med 0,1 til 9,4 prosent.

Både Raudt og MDG hamnar over sperregrensa på målinga og får høvesvis 5,4 prosent (+0,4) og 4,3 prosent (-0,7).

På borgarleg side går alle partia tilbake, med unntak av Frp, som aukar oppslutninga med 1,0 prosentpoeng og blir målt til 10 prosent.

For resten av partia er oppslutninga slik: Høgre: 20,5 prosent (-0,8), Venstre: 4,6 prosent (-0,2), KrF: 3,6 prosent (-0,7). Kategorien «andre» blir målt til 4,9 prosent (-0,5).

Undersøkinga er utført av Kantar i perioden 31. august til 3. september med 1.388 respondentar. Feilmarginen er på mellom +/- 1,1 og +/-2,3 poeng.

(©NPK)