Semje i jordbruksoppgjeret, erfarer NTB – pressekonferanse klokka 12
Bøndene og staten er samde om jordbruksoppgjeret, erfarer NRK og NTB. Avtalen blir presentert klokka 12 tysdag.
Fristen for å bli samde om ein jordbruksavtale gjekk ut i dag.
NTB får stadfesta frå ei kjelde tett på forhandlingane at det er semje i jordbruksoppgjeret. Også NRK erfarer at det er semje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samtidig kallar Landbruks- og matdepartementet inn til ein pressekonferanse i samband med avklaring om jordbruksoppgjeret klokka 12 tysdag.
Før forhandlingane starta kravde Noregs Bondelag 6,9 milliardar kroner, som svarer til ein inntektsvekst på 171.300 kroner per årsverk i jordbruket. 120.000 kroner går til å tette gapet mellom bøndene og andre grupper – eit mål regjeringa har programfesta i Hurdalsplattforma.
Staten tilbaud på si side 3,3 milliardar kroner, som svarer til ein inntektsvekst på rundt 91.000 kroner per årsverk.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag er ikkje del av forhandlingane i år. For første gong sidan ordninga vart innført i 1950, klarte ikkje organisasjonane til bøndene å bli samde om eit felles krav. Bondelaget har derfor forhandla åleine på vegner av heile jordbruket.