Foto: Hallvard Østrem/NPK.

Sauer fanga i dødsfeller

Mange hytteeigarar har sett opp gjerde for å hindre besøk av sau. For sauen kan gjerda bety døden.

Førre veke gjennomførte teknisk etat og beitelaget i Sidal ei synfaring på Haglebu. Ifølgje NRK avdekte synfaringa fleire tilfelle av ulovlege gjerde som er farlege for beitedyr. Tidlegare i sommar vart ein sau kvelt i kommunen, etter å ha vikla seg inn i eit gjerde. Til NRK seier Sigdal-ordførar at alle ulovlege gjerde skal rivast for å hindre fleire dyretragediar:

– Dyra blir sittande fast og lir ein smertefull død. Sauen kjem seg ofte innafor gjerdet, men ikkje ut att. Er det tørt i vêret vil den tørste i hel. (©NPK)