Positiv utvikling på Anda

Sandane lufthamn i kamp og siger

Flyplassen på Anda opplever no god utvikling og har både fått betre rutetilbod, større trafikk og betre regularitet enn nokon gong før.

Av Svein Ottar Sandal, leiar av interessegruppa for Sandane lufthamn

Men det har sannleg ikkje alltid vore slik. Negative overskrifter som « Slutt for Anda», « Sandane bør leggast ned» har skapt frustrasjon, men også kampvilje. For vel eit år sidan la Avinor fram ein strukturrapport for kortbanenettet. Signala var både nedlegging og midlertidig drift. Konklusjonen vart at ingen flyplassar i landet skal leggast ned. På nytt kunne ein trekke eit lettelsens sukk.
Sterk trafikkutvikling i 2016
Sandane lufthamn fram står i dag som ein svært veldriven flyplass. Flyplassjef Jon Granheim med sine tilsette har kvalitet og utvikling som strategi. Og det har dei lukkast med. Flyplassen er teknisk på topp og har kapasitet til å auke trafikken betydeleg. Og no er lufthamna inne i ei god utvikling.
Trafikkutvikling til no i 2016 for kortbanenettet på Vestlandet:
Florø Lufthamn - 17 prosent
Førde lufthamn + 1,9 prosent
Sandane lufthamn + 8 prosent
Sogndal lufthamn + 10 prosent
Ørsta/Volda lufthamn - 6,3 prosent
Her er det Sandane og Sogndal som er vinnarane så langt. Nedgangen i Florø og Hovden har sjølvsagt mykje med utviklinga i næringslivet, særleg i oljenæringa. Nokon hevdar også at bortfall av statsstøtte til Florø og Ørsta/ Volda er ei forklaring på trafikknedgangen.
Nye og betre rutetilbod
Ruteprogrammet for sommaren er utvida i høve til tidlegare år for Anda. Det er godt nytt for alle festivalane i Nordfjord og ikkje minst for reiselivet. Widerøe marknadsfører Nordfjord nesten på linje med Lofoten, og tek sjølvsagt utgangspunkt i at du kjem inn til regionen gjennom flyplassen på Anda. Det ordinære rutetilbodet til Widerøe er også betre tilpasse dei reisande sine behov, særleg næringslivet. Tidlegare avgangar om morgonen som gjer at ein kjem i rett tid til Oslo og tilsvarande tidlegare inn til Sandane om morgonen. Det er også midt på dagen gitt eit nytt rutetilbod til Bergen via Florø. Og i helgane er det gode direkte ruter. Flyprisane har også blitt betre for dei reisande frå Sandane. Det er no ikkje uvanleg å kunne få ein tur til Oslo på morgonflyet til under 1000 lappen. Så kan ein spørje kva som er grunnen til dette? Trur nok at Widerøe har lytta til argumenta om at her er eit stort potensiale for Sandane som ikkje er utnytta. Så har nokre av lufthamnene blitt såkalla kommersialisert. Det vil seie at dei ikkje får statleg tilskot, det gjeld Florø og Ørsta/Volda. Hovden i Ørsta har kontakta konkurransetilsynet for å høyre om det er aktuelt å vurdere om kommersialiseringa er konkurransevridande, når ein fjernar statsstøtta på Hovden , men ikkje på Sandane og dette gjev ein konkurransefordel for Sandane.
Tidlegare har Sandane tapt i denne konkurransen fordi vi har hatt dårlegare rutetilbod. Så kan ein spørje kva som er konkurransevridande pris eller tilbod?
Styrka konkurranse
Men det avgjerande for at vi skal halde på den gode utviklinga for Sandane lufthamn er at både Widerøe og Avinor held fram med å gje dei reisande gode tenester. Når det blir 20 minutt avgangar på ferja Anda –Lote , vil også nordsida av Nordfjorden få langt betre tilgang til flyplassen. Så er det viktig at vi som brukarar er bevisste på at det er gjennom auka trafikk vi også i framtida kan vidareutvikle flyplassane våre. Så gjeld det her som i dei fleste andre samanhengar – auka etterspurnad – betre tilbod.
Flyplassen på Anda har eit unytta potensiale – det er vel det både Widerøe og Avinor har oppdaga!

Svein Ottar Sandal, leiar for interessegruppa for Sandane lufthamn, gledar seg over den positive utviklinga både når det gjeld tilbod og trafikk over Anda.