Vill jubel i STIL-leiren etter straffedrama. Foto frå STIL si heimeside: Wenche Håvik

Sandane-jenter til kvartfinale etter straffedama

Sandra Sårheim sette straffa iskaldt i mål, og Lyn bomma i starffedramaet på Ekebergsletta i kveld. Sandane sine jenter 15/16 er framleis med i Norway Cup, som berre eitt av to laget frå fylket!
Det vart litt av ein festkveld for Sandane sine jenter i Norway Cup i kveld. Etter at laga frå Sandane, Breimsbygda og Jølster hadde gjort flott innsats i Norway Cup, ramla dei som dei fleste andre ut i tur og orden. Men STIL-jentene ville det annleis då dei møtte den gamle storklubben Lyn frå Oslo i åttandedelsfinalen i kveld.
Etter 2-2 ved full tid, var det klart for straffedrama. STIL-jentene hadde utlikna like før slutt med eit flott frispatk av Martine Kvamme, så kanskje hadde dei eit lite psykologisk overtak. Nervane var i alle fall på høgkant på sidelinja og stemninga stor då folk samla seg på og fylgde dramaet. Dei to laga fylgde kvarandre straffe for straffe. Då STIL-keeper Anna Buene på meisterleg vis redda Lyn si straffe, vart det også ein bom for STIL. Så hadde dei fem første skote sine skot, og det var klar for ein og ein. Sandra Sårheim scora sikkert, men presset på Lyn-spelaren vart for stort og ballen fauk over. Då var det enorm jubel i den blå Sandane-leiren.
No er nok jentene gått til roen, for i morgon tidleg er det klar for kvarfinale mot ein annan gamal storklubb Gjøvik/Lyn. Og uansett korleis det går, har både spelarar, leiarar og foreldre fått med seg ei oppleving for livet på Ekebergsletta.
Det andre laget som er med frå fylket er 13/14 års-laget med jenter frå Sogndal.