Ingrid og Maria Ose sit på scena i Oslo konserthus i kveld. (Foto: Fred-Olav Vatne, Oslo-filharmonien)

Sandane-jenter med på storsatsing

Ingrid og Maria Ose frå Sandane er med når Oslo filharmoniske orkester og Ung Filharmoni framfører Prokofievs 5. symfoni i Oslo konserthus i kveld.

Dei to jentene er begge elevar ved Gloppen kulturskule og går tredje året på musikklinja på Firda vidaregåande skule.

Gjennom prøvespel er dei talentfulle jentene plukka ut til å vere med i Ung Filharmoni, eit nyetablert orkester her i landet. I sommar spelte orkesteret saman i ei veke under Valdres sommarsymfoni. No er medlemmene i orkesteret inne i si andre prosjektveke, der dei saman med Oslo-filharmonien har øvd i fleire dagar fram mot konserten i konserthuset i kveld.

Les meir i papirutgåva fredag.