Balestrand utlikna fem minutt på overtid. Her er Anders Kleppe Silden i aksjon

Sandane gav bort to poeng på overtid

Sandane hadde kontroll på kampen og poenga i lomma, men så glapp det.

Det var oppgjer mellom to lag utan poeng og følgjeleg botnoppgjer i Sandane Idrettspark då Sandane og Balestrand møttest til 5. div.-oppgjer.

Første omgang var jamn og svært sjansefattig for begge lag, men med Sandane eit lite hakk kvassare. I andre omgang fekk Sandane gradvis litt meir kontroll og meir rom. Det resulterte i fleire sjansar laget burde ha scora på. Det lukkast ikkje før dagens debutant, Filip Pleym Mardal stakk gjennom og skar inn i 16-meter feltet. Målvakta stogga skotet, men gav retur som Petja Cink påpasseleg krangla i mål.

Då var det spelt i 55 minutt. Utover i omgangen hadde Sandane kontroll, og det såg ut til å bli årets første trepoengar. Men fem minutt på overtid fekk Balestrand frispark som ein uheldig Sandane-spelar stussa i eige mål.
Dermed vart det poengdeling.

Trenar Torbjørn Gran var skuffa etter kampen.
- Vi lukkast med speleopplegget vi var samde om i første omgang. Det gjorde vi også utover i andre, men etter scoringa vart vi for feige, seier han og meiner Sandane då skulle ha punktert kampen.