Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på synfaring av Rv. 15 Strynefjellstunnelen i 2022. Foto: Kristoffer Rød-Lindberg.

Samferdselsministeren til Førde og Sogn 1.-2. mars

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) deltek onsdag på E39-konferansen i Førde.

Torsdag går turen vidare til Sogn, der han skal sjå på og bli orientert om Rv. 13 Skare-Sogndal og Lærdalstunnelen.

– For meg er det viktig å høyre korleis det går med samferdselsprosjekta på Vestlandet, og å treffe dei som er storbrukarar av vegane våre. Eg skal lytte til innspel frå både ordførarane og næringsliv i regionen, seier samferdselsministeren i ei pressemelding.