«I left my heart in Gloppen» står det på dei populære koppane. Salet skaut fart etter å ha blitt vist på TV under Sommeråpent.

Salet eksploderte etter TV-sending

Etter at gloppekoppen vart vist på TV under Sommeråpent på Sandane, har salet skote i vêret. Med teksten «I left my heart in Gloppen» tykkjer mange koppen er sjarmerande.


Den populære koppen vert seld på Sandane Glassmagasin.

– Dette er moro, det er tydeleg at mange kjenner til koppen, fortel Reidun Elvebakk.

God reklame

Sandane Glassmagasin har selt koppen i to år, men dei merka ei stor salsauke etter TV-sendinga.

– Ordførar Leidulf Gloppestad hadde ein quiz under Sommeråpent, med denne koppen som premie. Vinnaren vart Cecilie Kåss Furuseth. Under sendinga vart koppen vist fram, og programleiarane frå NRK kommenterte at det er ein nydeleg kopp. Det hjelper på salet at han blir vist fram på landsdekkjande fjernsyn, smiler Elvebakk.

Morgonen etter sendinga ringde telefonen då dei kom på jobb. Koppen hadde ikkje berre fenga glopparane, men også folk som aldri hadde høyrt om Gloppen før.

– Ho som ringde denne morgonen likte sendingane frå Gloppen så godt at ho ønskte seg ein slik kopp. No er han pakka og sendt til henne i posten, fortel Reidun Elvebakk.

Allsidig kopp

Den emaljerte koppen kan nyttast til alt mogeleg, men sidan han er lett og uknuseleg er han kjekk å ha med på tur.

– Vi har selt koppen både til kontorbruk og til tur, han er allsidig. Han kjem i to storleikar og ulike fargar. Det er den store dei fleste vil ha, seier ho.

Elvebakk kom over koppen på ei messe. Han vert produsert i standardform, med mogelegheit for å setje inn det stadnamnet ein ønskjer. For glopparen var det ei sjølvfølgje å velje Gloppen som stadnamn på koppen. Ho ville marknadsføre heile kommunen.

Stoltheit

– Mange unge flyttar frå Gloppen, og kjøper med seg koppen. Eg trur det handlar om å vere stolt over kvar ein kjem frå, ha noko som minner om heime, og ei kjensle av å høyre til. Vi har oppmoda folk om å sende oss bilete av koppen i bruk, det er kjekt å sjå, fortel ho.

Likevel er det ikkje berre utflytte glopparar som kjøper gloppekoppen. Ho seier ho har sett mange ukjente ansikt i butikken siste dagane, dei vil òg ha han. Ho ser tydeleg at folk kjenner att koppen.

– Else Kåss Furuseth frå Reiseradioen fekk koppen i bursdagsgåve torsdag, som eit minne frå kommunen, fortel Elvebakk.