Fylkestinget bestemde 17. mars at det ikkje blir noko folkeavstemming, der innbyggjarane i Vestland får stemme over om dei ønskjer å løyse oppatt fylket eller ikkje.

Sa nei til folkerøysting

Fylkestinget vedtok 17. mars at Vestland fylkeskommune er oppteken av å yte gode tenester og å rigge fylket for nye oppgåver for å styrke rolla som utviklingsaktør. Fylkespolitikarane slo også fast at det ikkje blir noko folkeavstemming om framtida til fylket etter at SV fremja forslag om dette.

Den fylkeskommunale økonomien var også tema under tingseta i Sogndal 16. og 17. mars. Fylkestinget vedtok at auka kostnadar med oppsplitting av tvangssamanslegne fylkeskommunar, ikkje må gå utover dei andre fylka.

– Vestland fylkeskommune er til for innbyggjarane våre. Hovudmåla i utviklingsplanen er at vi skal ha utvikling i alle delar av fylket, og at lokalsamfunna våre skal vere rammer for gode kvardagsliv. Og det jobbar vi for kvar dag. No har fylkestinget slått fast at vi skal konsentrere oss om å jobbe vidare for Vestland og for å yte gode tenester, og at vi er klare for å ta på oss nye og større oppgåver. Det er ei klar oppmoding til staten, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje fleirtal for folkeavstemming

Åsmund Berthelsen i SV sette fram ein interpellasjon til fylkestinget om folkeavstemming om innbyggjarane ønskjer å dele oppatt Vestland fylke. Fylkestinget tok interpellasjonen opp som sak, men forslaget om folkeavstemming fekk elleve stemmer og fall. Tre representantar frå Sp, fire frå SV, to frå Raudt og to uavhengige stemde for.

I same sak fremja Arve Helle i Ap dette forslaget på vegner av Ap, MDG, V og KrF:

Vestland fylkeskommune er vedteken oppretta av folkevalt organ og er ikkje eit resultat av tvang. Ein syner vidare til vedtak i fylkestingsak 6/22 og helsar ytterlegare oppgåver velkommen for å styrke fylkeskommunen i rolla som utviklingsaktør.

Dette forslaget vart vedteke med 48 mot 15 stemmer. Alle representantane frå Ap, Folkets parti FNB, Høgre, Pensjonistpartiet, Venstre og KrF stemde for, i tillegg til åtte representantar frå Sp og ein uavhengig.

Oppsplitting må ikkje gå utover andre

Ein annan interpellasjon fylkestinget valde å ta opp som sak, kom frå Silje Ekeland Bjørkly i Høgre. Ho sette fram forslag om at fylkestinget skulle be regjeringa sikre at alle fylke som ikkje er i oppløysing eller som vel å ikkje løyse seg opp, må sikrast tilsvarande midlar for å yte tenester til innbyggjarane som oppløysingsfylka mottek for å dele opp fylka.

Fylkestinget vedtok både forslaget frå Bjørkly med 41 mot 23 stemmer og dette forslaget frå Marthe Hammer i SV med 42 mot 22 stemmer:

Vestland fylkeskommune er oppteken av å yte gode tenester til innbyggjarane og rigga fylket for større oppgåver. Auka kostnader med oppsplitting av tvangssamanslegne fylkeskommunar må ikkje gå utover dei andre fylka.