Rygg bru. Foto: Bjørn Grov.

Rygg bru er opna att

– Rygg bru er opna att og blir open fram til reparasjonstidspunktet, seier einingsleiar for vedlikehald i Vestland fylkeskommune, Jorunn Hillestad Sekse.

Brua på Fv 615 på Ryggøyra, mellom Sandane og Hyen, har vore stengd sidan førre onsdag kveld, etter at ein tømmerbil tok opp i stålramma som stabiliserer brua.

I samanstøyten vart eitt av staga knekt, og eit anna bøygd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Brua må reparerast, men ho er kontrollert og er ikkje farleg å køyre på, understrekar Hillestad Sekse.