Illustrasjonfoto.

Rusa mindreårige på taket til Trivselshagen

To rusa mindreårige vart observert på taket til Trivselshagen på Sandane fredag kveld. Begge vart viste vekk frå staden, og saka vert følgd opp, melder politiet.

I Sandane sentrum var ein rusa mann i 60-åra truande mot ein tilsett ved ein utestad. Mannen vart innbrakt og sett i arresten.



I Florø fekk politiet melding om høg musikk frå privatfest. Festfolket fekk påbod om å dempe musikken.



Heile 17 sjåførar fekk fartsbot under ein kontroll UP hadde på E39 ved Bringeland. Høgste fart i 80-sona var målt til 106 km/t. For ein av førarane var det ikkje første gongen, og han vart meld for å ha mange prikkar på førarkortet.

I Sogndal og Luster fekk ti førarar forenkla førelegg i to kontrollar fredag. I den eine var høgste farta i 60-sone 82 km/t, og i den andre var høgste fart i 80-sone 108km/t.



På Vadheim vart ein kvit Rana 425 lettbåt meldt sakna fredag. Båten var fortøydd i ei blåse ved Avsneset. Han har påmontert ein 15 HK utanbordsmotor.


https://twitter.com/politietsognfj/status/865629119878373376