KrF-leder Kjell Ingolf Ropstad vil ha fleire endringar i foreldrepermisjonen. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Ropstad vil utvide foreldrepermisjonen og fjerne tredelinga

Kjell Ingolf Ropstad vil auke pappapermen etter fødsel, utvide foreldrepermisjonen og fjerne tredelinga. – Vil berre gi valfridom for mor, seier Guri Melby.

– Å få meir moglegheit til å velje sjølv – anten det er å kunne ta litt meir tid rundt fødsel eller å kunne ta ut 50 eller 60 prosent permisjon og kombinere det med anten studiar eller arbeid – trur vi er noko familiane vil etterspørje, seier KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad til NRK.

No går Ropstad, som også er barne- og familieminister, inn for ei rekkje endringar i foreldrepermisjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vil mellom anna auke pappapermen etter fødsel frå to til tre veker og utvide foreldrepermisjonen med fire veker med 100 prosent lønn og fem veker med 80 prosent lønn. I tillegg vil han reversere tredelinga slik at familiane får meir makt til å avgjere kva som passar dei. Ti veker til far, men med moglegheit for overføring.

Han får motstand frå regjeringskollega og Venstre-leiar Guri Melby.

– Det høyrest veldig fint ut med valfridom for familiane. Alle er jo for det. Men det vi veit er at det i praksis blir valfridom for mor, seier Melby i ein debatt på Politisk kvarter.

– Tala viser at fedrane tek dei vekene dei får, så viss vi vil at fedrane skal få 15 veker, så må vi gi dei 15 veker. Vil vi at far skal få 10 veker, må vi gi dei 10 veker, seier ho.

(©NPK)