Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK

Røde Kors varslar om SMS-svindel

Norges Røde Kors ber alle vere merksame etter at svindlarar har sendt ut SMS og bede folk betale til ei falsk nettside.

– Svindlarar har sendt ut SMS med oppmoding om å gi til den falske nettsida « http://gave-rodekors.com», melder Røde Kors på Twitter måndag.

I ein SMS blir mottakar beden om å sende pengar for å støtte barn i Ukraina med mat, vern og medisinar. Det er lagt ved lenkje til ei falsk Røde Kors-side. Organisasjonen følgjer opp saka med politiet og ber alle vere merksame.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Røde Kors bruker nettsidene http://rodekors.no og http://gi.rodekors.no, ikkje URL-er som sluttar med .com, opplyser Røde Kors. (©NPK)