Rekordmange vil restaurere

Interessa for å søkje om støtte til å ta vare på og setje i stand eldre bygningar har på nyåret i år skote i vêret som aldri før.

Fjøs på Lilleklev, Hegra, Stjørdal. Fjøset er del av ein tidlegare husmannsplass i eit tun frå 1800-talet. Dagens eigarar overtok eigedomen i 2019 og har sett i gang sikringstiltak på alle bygningane. Foto: Privat frå søknaden til Kulturminnefondet.

– Det har vore veksande søknadsmengde i mange år, men interessa hittil i 2021 slår alle tidlegare rekordar, seier direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet i ei pressemelding.

Sjølv om det også tidlegare år har vore rift om å få del i pengane Kulturminnefondet deler ut, skil pågangen i år seg ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre i januar har rådet fått inn 500 søknader, noko som er dobbelt så mykje som i fjor på same tid.

Bjørgen meiner søknadsauken viser at interessa for å ta vare på eldre bygningar og andre kulturminne er høgare enn nokon gong. Mange må likevel rekna med å få avslag på søknadene sine. Dersom søknadene held fram med å auke, har Kulturminnefondet ifølgje Bjørgen berre pengar til å dekkje 25 prosent av søknadene.

Kvaliteten på søknadane er svært god.

– Brukarundersøkingane våre viser at 80 prosent som har fått støtte frå Kulturminnefondet seier at støtta har vore heile avgjerande for at dei har gått i gang med prosjekta sine, i staden for å la kulturminnet framleis forfalle, seier Bjørgen.

Kulturminnefondet har støtta over 6.000 prosjekt frå Nordkapp til Lindesnes i løpet av dei 17 åra som lågterskelordninga har eksistert.