74 prosent av alle norske heimar har ein eldstad og ni av ti nyttar den. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Rekordmange nordmenn satsar på vedfyring

Ei undersøking viser at 340.000 norske bustader har fått ny vedomn dei siste to åra. Ein av fem nordmenn har vedfyring som hovudoppvarming.

Auka straumprisar og ønske om betre beredskap gir rekordsal av vedomnar, skriv Nationen.

– Ein av fem nordmenn har vedfyring som hovudoppvarmingskjelde. I periodar med høge straumprisar og kalde temperaturar fyrer halvparten av den norske befolkninga dagleg med ved, seier dagleg leiar i bransjeforeininga Norsk Varme, Brede Børud, til Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I undersøkinga, som Norstat har gjort på vegner av bransjeforeininga, kjem det fram at ni av ti nordmenn som har ein eldstad, bruker den. 74 prosent av alle norske heimar har ein eldstad.

– Vedfyring eksisterer ikkje berre for oppvarming og kos, det er også eit viktig beredskapstiltak i Noreg, understrekar Børud, og viser til at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) peikar på vedfyring som ei av dei mest nødvendige oppvarmingsmoglegheitene.

– Viss straumen går, er det også berre vedfyring som kan halde oss varme over fleire dagar. (©NPK)