Mange av oss var sjuke i desember, noko som var merkbart på skular og arbeidsplassar over heile landet. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Rekordmange melde om luftvegssymptom i desember

Heile 38 prosent av befolkninga oppgav i desember at nokon i husstanden var forkjølte, eller at dei mistenkte koronasmitte hos nokon dei budde saman med.

Det er høvesvis 16 og 24 prosentpoeng høgare enn i desember 2021 og 2020, og ny rekord. Det kjem fram i Norsk koronamonitor frå Opinion

– Vi går inn i eit nytt år hostande og harkande, men det er uklart om det er korona, influensa, andre luftvegsinfeksjonar eller omgangssjuke som er problemet, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)