Lite nedbør og lite snø i fjellet gjer at vasstanden i Dokkfløydammen i Nordre Land er svært låg. Foto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

Rekordlåg vasstand i magasina

I slutten av førre veke var fyllingsgraden i norske vassmagasin 21,1 prosent. Det er det lågaste som er registrert og 0,9 prosentpoeng lågare enn veka før.

Så låg fyllingsgrad har det ikkje vore i Noreg sidan registreringane til NVE starta i 1995, skriv NRK.

Medianverdien på same tidspunkt i åra 2002–2021 er 31,3 prosent, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat ( NVE).

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg med 38 prosent. Vest-Noreg er no området med lågast fyllingsgrad, 9,7 prosent. (©NPK)