Av kvinnene som fylte 30 år i 2022 var det 54 prosent som ikkje hadde fått barn. For ti år sidan var tilsvarande andel 42 prosent. Foto: Frank May/NTB/NPK.

Rekordlåg fruktbarheit i Noreg i 2022

Det samla fruktbarheitstalet i Noreg vart målt til 1,41 barn per kvinne i 2022. Det er det lågaste som nokon gong er målt.

Året før var fruktbarheitstalet (SFT) 1,55.

Til saman vart det fødd 51.480 barn i Noreg i fjor. Det er 4.580 færre enn året før og 1.499 færre enn i 2020, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Artikkelen held fram under annonsen.

Samla fruktbarheitstal (SFT) er eit mål på kor mange barn kvinner i gjennomsnitt kjem til å få i løpet av livet, gitt at fruktbarheitsmønsteret held likt fram med å vere. Talet blir brukt til å seie noko om fruktbarheitstrenden i samfunnet.

– Tvilsamt

Fruktbarheita fall for kvinner under 40 år, medan ho var stabil blant kvinner som har passert 40. Nedgangen er særleg stor for kvinner i alderen 25 til 34 år.

Av kvinnene som fylte 30 år i 2022, var det 54 prosent som ikkje hadde fått barn. For ti år sidan var tilsvarande del 42 prosent.

– Sidan det er så mange 30-åringar som ikkje har fått barn enno, er det tvilsamt at dagens kvinner får like mange barn som generasjonane før dei har fått – sjølv om dei kan tenkjast å føde litt fleire barn etter fylte 30 år, seier seniorrådgivar Espen Andersen i SSB.

Høgast i Rogaland

Blant dei som fylte 35 år i 2022 var det 26 prosent som ikkje hadde fått barn. For ti år sidan var andelen 21 prosent.

Alle fylke opplevde nedgang i fruktbarheit i fjor, men fruktbarheita er klart lågast i Oslo, der SFT var rekordlåge 1,25 barn per kvinne. Fram til i fjor var det lågaste talet for Oslo 1,34, som vart målt i 1983.

Rogaland er, som i dei siste åra, fylket med den høgaste fruktbarheita. Her var SFT 1,57 i 2022. (©NPK)