Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) delte ute krisepakke til korpsa i fjor (her framfor Ullevål skoles musikkorps), og i år får Instrumentfondet, som kjøper inn instrument til skulekorps og orkester, nesten dobla tildelinga frå tippemidlane. Arkivfoto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

Rekordhøg løyving frå tippemidlane til kultur og frivillige i år

I år skal over 900 millionar kroner frå tippemidlane fordelast til kultur- og frivilligsektoren. Det er ny rekord, ifølgje kulturminister Abid Raja (V)

Totalt er det 908,6 millionar kroner som blir delte ut til kultur og frivillige i hovudtildelinga for 2021.

Den kulturelle skulesekken får det største enkeltbeløpet, medan Instrumentfondet, som fordeler pengar til innkjøp av instrument til skulekorps og orkester, nesten får dobla løyvinga si.

– Eg er glad for at tilskotet frå spelemidlane til frivillige og kulturen er rekordhøgt i år. Spelemidlane til kulturformål bidreg til aktivitet i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).

Den kulturelle skulesekken, som skal bidra til å gi barn og unge eit likeverdig kunst- og kulturtilbod over heile landet, blir tildelt 306,5 millionar kroner til dette arbeidet.

Av den totale potten er det rundt 44 millionar kroner som ikkje er fordelte no, men som blir delte ut seinare i år.

(©NPK)