Andre nyhende: – Det handlar om bruk av fornybar energi på ein fornuftig måte. Derfor tek vi grep og søkjer om midlar til hurtig-ladestasjonar i eigarkommunane våre, seier konsernsjef Terje Gjengedal.

Rekordhalvår for SFE

Nettinntektene er auka med 86 mill. kroner frå 1. halvår i fjor. SFE vert årleg tildelt ei inntekt frå NVE som kan krevast inn som nettleige. Denne var svært låg i 2012 og er auka vesentleg i 2013 pga endra regelverk og som kompensasjon for låg inntekt tidlegare år. Dette er hovudgrunnen til det gode resultatet 1. halvår. Nettverksemda har eit positivt driftsresultat på 74 mill. kroner, medan 1. halvår i fjor gav eit underskot på drifta på 5 mill. kroner.

– Vi er glade for at nettverksemda har fått rammevilkår som gjer det mogleg å investere i nødvendig nettforsterking som mellom anna gjer det mogleg å få meir fornybar kraft inn på nettet. Nettinntekta i 2013 er uvanleg høg og vil ikkje vere på dette nivået åra framover. Det er svært gledeleg at SFE, i same år som konsernet kan feire 10-års-jubileum, leverer sitt beste halvårsresultat nokon gong, seier konsernsjef Terje Gjengedal.

1. halvår har SFE produsert 843 GWh, dette er ein reduksjon på 200 GWh frå 1. halvår i fjor. Dette skuldast lite snø og lågare tilsig enn året før. Imidlertid har kraftprisen vore noko høgare enn i fjor. Samla driftsresultatet for området er redusert frå 136 mill. kroner i fjor til 104 mill. kroner dette halvåret.

– Produksjonsverksemda er svært viktig for SFE. Lågare kraftproduksjon enn i fjor gir redusert resultat for denne verksemda. Ein auka gjennomsnittleg systempris frå 25,3 øre/kWh til 30,3 øre/kWh gjer likevel at resultatet frå verksemda vert om lag som forventa, seier konsernsjef Terje Gjengedal.

For selskapet som sel kraft til sluttkundar, SFE Kraft, har det vore ein auke i salet på 4% frå første halvår 2012 til 710 GWh. SFE Kraft bidreg med eit driftsresultat på om lag 4 mill. kroner for første halvår, dette er ein reduksjon på 1 mill. kroner frå fjoråret.

– Ein stadig sterkare konkurranse i sluttkundemarknaden fører til låge marginar og pressa prisar, seier konsernsjef Terje Gjengedal.

SFE kan i dag presentere det beste halvårsresultatet nokon gong. Foto: Bjørn Grov