189.737 nordmenn testa seg for covid-19 i førre veke. Illustrasjonsfoto: Ketil Bjærke/NTB/NPK.

Rekord i talet på smittetilfelle førre veke

I veke 11 var det ein førebels rekord i talet på koronatilfelle. I alt fekk 6.328 personar påvist koronasmitte, skriv FHI i den siste vekerapporten sin.

Det er det høgaste talet melde tilfelle på ei veke sidan starten av pandemien, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i rapporten.

Talet er noko lågare enn det som kjem fram av FHIs statistikk, som viser at 6.505 personar fekk påvist smitte førre veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Talet er 12 prosent høgare enn i veke 10, men auken i talet på melde tilfelle er likevel litt mindre bratt enn i førre veker, ifølgje FHI.

Samtidig har talet som testar seg, hatt ein svak nedgang på 2 prosent, medan delen positive prøver har auka frå 1,52 prosent i veke 6 til 3,34 prosent i veke 11.

189.737 nordmenn testa seg for covid-19 førre veke.

(©NPK)