– Det eg fekk oppleve på Bispebjerg er også nyttig i høve til at vi her i Gloppen skal starte opp med lærings- og meistringskurs for pasientar med diabetes type 2 i komande veke, seier Svanhild Liseth Solheim.

Reiste til Danmark for å lære

Svanhild Liseth Solheim har hospitert ved Videncenter for sårheling på Bispebjerg Hospital i København. – Turen til Danmark har absolutt gjeve inspirasjon. Eg lærte ein del nytt, fekk sjå kor godt faggruppene samarbeidde og kor høg kompetanse sjukepleiarane hadde, seier ho.

20. oktober reiste Svanhild Liseth Solheim til København for å vere hospitant ved sårhelingssenteret i tre dagar.

Diabetessjukepleiar

Til dagleg arbeider ho ved Gloppen omsorgssenter som fagutviklingssjukepleiar, ei stilling som vart oppretta då kommunen skulle starte opp kommunalt akutt døgnopphald.

– Eg var med på å utvikle dette tilbodet som vart starta opp 1. desember i fjor. No jobbar eg halv stilling som fagutviklingssjukepleiar og halv stilling i avdelinga. I haust er eg dessutan frikjøpt i 15 prosent stilling for å jobbe med prosjektet læring og meistring for pasientar med diabetes type 2. Det er eit prosjekt i regi av frisklivssentralen, der kommunen har fått midlar frå Fylkesmannen, fortel ho, som er utdanna diabetessjukepleiar.

Les heile saka i papirutgåva fredag.