Utdanningsdirektoratet skal no sjå nærmare på kvifor tala om lærarar utan lærarutdanning er så ulike. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Regjeringa vil sjekka tal om ukvalifiserte lærarar

Utdanningsdirektoratet skal finna ut kvifor det er så stort sprik mellom tala på ukvalifiserte lærarar i skulen.

Medan tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at litt over fem prosent av lærarane i skulen ikkje har lærarutdanning, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) nesten 24 prosent. Det er bakgrunnen for at regjeringa no har gjeve Utdanningsdirektoratet i oppdrag å sjå nærmare på saka.

– Gode og kvalifiserte lærarar er viktige for at elevar skal læra. Difor har regjeringa mange tiltak som sørgjer for fleire lærarar med lærarutdanning i skulen. Samtidig må vi ha eit godt faktagrunnlag i det vidare arbeidet for å få ned talet på ukvalifiserte, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass ulike tal, viser statistikkane både frå GSI og SSB at utviklinga går rett veg og at det frå 2018 til 2019 var ein nedgang i delen ukvalifiserte lærarar.

Førebelse undersøkingar viser elles at det er skilnader på korleis GSI og SSB lagar statistikkane sine, men regjeringa meiner likevel desse skilnadene ikkje er god nok forklaring på forskjellane som har kome fram.

(©NPK)