Regjeringa ønsker å innføre éin ekstra naturfagstime i veka. Denne skal komme på toppen av dei andre timane i vekekalenderen, og kostnaden blir anslått til 248 millionar kroner i året. Statsminister Erna Solberg (H) seier det er viktig med meir satsing på realfag for gjennomføringa av det grøne skiftet. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Regjeringa vil ha meir naturfag

Regjeringa vil leggje til éin naturfagtime i veka i ungdomsskulen og foreslår å setje av 248 millionar kroner til dette, skriv Aftenposten.

Det kjem etter at det i realfagsundersøkinga TIMSS 2019 kom fram at norske elevar er dårlegare i naturfag enn elevane elles i Norden, og at dei er blant elevane som får færrast naturfagstimar på ungdomsskulen.

Regjeringa foreslår å løyve 104 millionar kroner til ekstratimen i 2022, og anslår at det vil koste 248 millionar på heilårsbasis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne satsinga på realfag er viktig for Framtids-Noreg, seier statsminister Erna Solberg (H). Ho seier vidare at det er viktig med meir vektlegging av fysikk, kjemi og biologi for gjennomføringa av det grøne skiftet.

I den siste læreplanen i naturfag vart det vektlagt at faget skal bli meir praktisk retta. Dette er tidkrevjande, og faget må derfor få fleire timar, heiter det. Samtidig vil det krevje at det blir utdanna fleire lærarar.

Leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet er positiv til auken i talet på naturfagstimar, men meiner tiltaket ser ut til å vere «grovt underfinansiert».

Han legg til grunn at timetalet ikkje vil kuttast i andre fag, og seier at midlane som er sett av, ikkje held til å kunne berekne auka kostnader til lærarlønn.

– Dersom naturfag skal bli praktisk, trengst òg pengar til utstyr, ekskursjonar og auka lærartettleik, seier han vidare.

(©NPK)