Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK.

Regjeringa vil greie ut grunnrenteskatt på oppdrettsanlegg

Regjeringa vil greia ut og eventuelt føreslå at det blir innført ein grunnrenteskatt på havbruk i 2020.


Det skriv regjeringen.no.


Det har lenge vore diskutert om oppdrettsselskapa bør betale ein form for oppdrettsskatt som gjer at vertskommunane får meir att for å ha oppdrettsanlegg i kommunen.


SV har tidlegare bede regjeringa greie ut forslag om ei avgift per kilo oppdrettsfisk. Dette forslaget har regjeringa no avvist, skriv Kommunal Rapport.


– Sjølv om det blir oppnådd gode resultat, vil det vere svært uheldig for næringa at det blir innført ei ny avgift uavhengig av lønsemd, heiter det på regjeringa.no.


I staden vil regjeringa altså greie ut og eventuelt føreslå ein grunnrenteskatt på havbruk. Grunnrenteskatten for vassverk dannar så langt modell for utgreiinga. Denne skatten går ifølgje Kommunal Rapport direkte til staten. Førebels er det difor ikkje klart om vertskommunane får inntekter av ein eventuell grunnrenteskatt på havbruk.


– Regjeringa vil kome tilbake til dette når det eventuelt blir fremja eit lovforslag om innføring av ein grunnrenteskatt på havbruk, opplyser statssekretær Jørgen Næsje (Frp) til Kommunal Rapport. (©NPK)