Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Regjeringa vil auke branntryggleiken på campingplassar

For å bidra til meir brannsikre og tryggare campingplassar, vil regjeringa innføre krav om branngater og parsellinndeling.

På mange campingplassar står campingvognene tett. Det kan føre til at ein eventuell brann spreier seg raskt, og til at brannvesenet ikkje kjem fram dersom det byrjar å brenne.

For å auke branntryggleiken på norske campingplassar, vil regjeringa derfor innføre krav om parsellinndeling og etablering av branngater, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet er å hindre brannspreiing på campingplassar og å sikre tilgang for brannvesenet og andre nødetatar. Ved å dele campingplassar inn i avgrensa parsellar, med branngater imellom, kan ein forhindre at brann spreier seg til andre delar av campingplassen eller til områda utanfor.

Forslaget skal sendast på høyring og vil tre i kraft samtidig som kravet om fire meters avstand mellom campingeiningar på campingplassar. Dei nye krava trer i kraft 1. januar 2022.

(©NPK)

Frå campingplassen på Lydhusstranda Camping ved Stavern utanfor Larvik. Her står vognene tett i tett nedover mot den flotte sandstranda. Illustrasjonsfoto: Geir Olsen/NTB/NPK.