Statsminister Erna Solberg er bekymra for import av dei nye muterte virusvariantane. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Regjeringa innfører testplikt for reisande til Noreg

Regjeringa innfører plikt til å teste seg for covid-19 for personar som reiser til Noreg frå 2. januar 2021.

Testen skal gjerast så snart som mogleg, og seinast eitt døgn etter at ein kjem til landet. Dei reisande må reise inn i Noreg via grensestasjonar med testing, eventuelt til grensestasjonar med politikontroll. Fleire mindre grensestasjonar vil bli stengde, heiter det i ei pressemelding.

– Vi er no dobbelt bekymra for importsmitte. Vi er både bekymra for utbrot med nye muterte virusvariantar som kan vere meir smittsame, og for at mange vil returnere til Noreg etter jul frå land med langt høgare smittenivå enn vi har her, seier statsminister Erna Solberg (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Testkapasiteten ved grensa vil bli auka. Så langt det er mogleg, skal testing skje på flyplassen eller ein annan grensestasjon, viss ikkje må den reisande ta kontakt med kommunen eller ein annan teststasjon for å bestille testing.

– Må gjere det vi kan

Det er anslått at den britiske mutasjonen er 55–70 prosent meir smittsam. Det svarer til ein auke i reproduksjonstalet med 0,4. Reproduksjonstalet, R-talet, viser kor mange personar ein koronasmitta person smittar vidare.

– Viss denne mutasjonen skulle blir spreidd i Noreg, vil det sannsynlegvis krevje ei full nedstenging av samfunnet. Vi må gjere det vi kan for å forhindre at den nye virusvarianten får fotfeste i Noreg. Testing er den einaste måten å avdekkje om reisande frå raude land ber med seg dette viruset på, seier Solberg.

Sprengd kapasitet

Ifølgje helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) vil intensivkapasiteten her i landet vere overskriden i løpet av fire–fem veker dersom R-talet aukar med 0,4. Test- og smittesporingskapasiteten til kommunane vil vere overskriden før dette.

– Vi er nøydde til å avgrense spreiinga av virusmutasjonen så mykje som mogleg. Det er svært sannsynleg at mutasjonen kan komme til Noreg òg frå andre land enn Storbritannia. Kravet om obligatorisk test kjem i tillegg til ordningane vi allereie har etablert med krav om negativ test før innreise, innreiseregistrering og karanteneplikt, påpeikar Høie.

Risikerer bortvisning

Den næraste tida kan det vere for liten testkapasitet ved grensa. Derfor er kravet at testing skal skje så snart som mogleg, eller seinast innan 24 timar etter at ein kjem til landet.

– Det inneber at personar som blir tilbodne testing på grensa, som hovudregel må la seg teste der, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Norske statsborgarar som kjem frå utlandet og nektar å la seg teste, kan bli bøtelagt for brot på smittevernlova, medan utanlandske statsborgarar risikerer å bli returnerte, opplyser Mæland til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er først no vi har fått råd om dette frå helsestyresmaktene våre, seier Mæland.

Ny vurdering om fire veker

Det er enkelte unntak frå testplikta. Barn under tolv år treng ikkje å teste seg. Det blir òg gjort nokre unntak for mellom anna personar i kritiske samfunnsfunksjonar, grensependlarar, langtransportsjåførar og diplomatar.

Plikta til å teste seg for reisande frå raude land byggjer på vurderingar frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet. Tiltaket skal vurderast på nytt om fire veker.

(©NPK)

Norske statsborgarar som kjem frå utlandet og nektar å la seg teste, kan bli bøtelagde for brot på smittevernlova, medan utanlandske statsborgarar risikerer å bli returnerte, opplyser justisminister Monica Mæland. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.
Norske styresmakter innfører obligatorisk koronatest for alle som kjem til Noreg frå utlandet. Biletet er frå det nye testsenteret i ankomsthallen på Oslo lufthamn som vart opna i august. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.