Regjeringa innfører ekstra omsorgsdagar dersom skulen blir stengd

Regjeringa innfører ei eiga ordning for foreldre som har brukt opp kvoten med omsorgsdagar dersom skulen eller barnehagen til barna blir stengde.

Illustrasjonsfoto arkiv.

– Vi innfører ekstra omsorgsdagar, eller sjukt barn-dagar som folk flest kjenner det som, ved lokale utbrot dersom skular og barnehagar må stengje, sa arbeids- og inkluderingsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på ein pressekonferanse tysdag.

–Lokalt kan det bli behov for å stengje heile skular. Det kan bety at nokre foreldre har brukt opp den nye kvoten som vart innført 1. juli. Regjeringa innfører derfor ei eiga ordning der foreldre får omsorgsdagar ved behov dersom kvoten er oppbrukt og skulen blir stengd, sa Isaksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)