Frå og med i år må alle eigarar av fritidsbåtar betale eit årsgebyr på 200 kroner.Her båtfolket samla for å sjå på sankthansbålet på Slinningen i Ålesund. Også Kongeskipet dukka opp, og dronning Sonja var ute og såg på bålet.Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK

Regjeringa innfører årsgebyr for fritidsbåtar

Frå 1. januar må alle eigarar av fritidsbåtar betale eit årsgebyr på 200 kroner. Hensikta er mellom anna å sikre eit mest mogleg korrekt register.

Endringa gjeld òg næringsfartøy frå og med sju meter som ikkje betaler årsgebyr for sertifisering og fartøyinstruks.

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet er det mange som ikkje melder frå om endringar som til dømes eigarskifte til NOR-registeret. For å få eit meir ajourført register blir derfor gebyret innført.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ser at mange ikkje etterlever meldeplikta når fartøy til dømes blir selde. Det gir feil i registrerte opplysningar, og er uheldig både for ny og tidlegare eigar av fartøyet, seier avdelingsdirektør Elisabeth Hvaal Lingaas i Sjøfartsdirektoratets avdeling for Skipsregistera.

Eit oppdatert register er òg viktig for å kunne spore forlatne fritidsbåtar.

– Dessverre er det slik at mange forlèt fritidsbåtar utan stor verdi, noko som kan medføre store ekstrakostnader for uskuldige tredjepartar som kommunar og privatpersonar. Ofte er det eigar av ein kai eller ei bryggje som må ta jobben med å fjerne forlatne båtar, sjølv om dei ikkje er eigar av fartøya, seier Hvaal Lingaas.

(©NPK)