Det langsiktige målet til norske styresmakter er eit tobakksfritt samfunn. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Regjeringa har vurdert å forby tobakk for kommande generasjonar

Regjeringa har vurdert eit livsvarig tobakksforbod for kommande generasjonar, skriv VG. Men det er uaktuelt for Senterpartiet, seier parlamentarisk nestleiar Geir Pollestad (Sp).

Regjeringa har også diskutert å forby smakstilsett snus.

– Noreg har vore eit land som sette seg i førarsetet i folkehelsearbeidet. Det er viktig for oss å stramme opp rammene og retninga, seier Senterpartiets helsepolitiske talsperson Hans Inge Myrvold til VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mars legg helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) fram Folkehelsemeldinga, der regjeringa mellom anna kjem med ein ny tobakksstrategi. Det langsiktige målet er eit tobakksfritt samfunn.

I 2022 vedtok New Zealand eit livsvarig tobakksforbod for kommande generasjonar. Folk som var 14 år eller yngre då lova tredde i kraft, vil aldri kunne kjøpe tobakk på lovleg vis.

– Det er heilt klart noko vi har teke med inn i arbeidet, og som vi har jobba med. For Sp har det vore eit viktig bidrag inn i diskusjonane, seier Myrvold.

Men det kan vere at det blir med diskusjonane. Senterpartiets stortingsgruppe vil nemleg ikkje godta verken generasjonsforbod mot tobakk eller forbod mot smakstilsett snus.

– Det er uaktuelt for Senterpartiets stortingsgruppe å gå inn for noko forbod mot snus og tobakk, seier Geir Pollestad til VG.

Rundt sju prosent nordmenn mellom 16 og 74 år røykte dagleg i 2022, ifølgje Helsedirektoratet.

(©NPK)