Kommunal- og moderniseringsminister Bjørn Arild Gram (Sp) la onsdag morgon fram eit forslag frå regjeringa til straumløysing. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Regjeringa foreslår nye straumtiltak – vil auke bustøtta og sosialhjelpsbudsjettet

For å hjelpe nordmenn med straumrekninga vil regjeringa auke bustøtta med 1.500 kroner i månaden og auke sosialhjelpsbudsjettet.

– Vi foreslår å auke bustøtta kraftig gjennom vinteren. Det gjer at vi raskt når ut til mange av dei med dårlegast råd allereie før jul, slik at dei får handtert straumkostnadene, seier kommunalminister Bjørn Arild Gram (Ap) til NRK.

Regjeringa foreslår at bustøtta skal aukast med 1.500 kroner frå desember til mars. I tillegg kjem 150 kroner per person som bur i bustaden. Tiltaket vil koste 500 millionar kroner til saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sosialhjelpsmottakarar som ikkje får bustøtte, skal få ein eigen pott på 100 millionar.

– Det her gjer at vi kan nå ut med midlar allereie før jul, og vi følgjer opp gjennom vinteren med månadlege utbetalingar, seier Gram.

NRK skriv at under 100.000 nordmenn har krav på bustøtte. Inntektsgrensa er så låg at mange med låg inntekt i Noreg ikkje har krav på bustøtte.

Straumprisane har denne vinteren auka kraftig, og spotprisen har dei siste vekene sett fleire nye timerekordar. Det har gjort at straumrekningane til nordmenn har vorte langt høgare.

Årsakene er mellom anna høge gassprisar, som påverkar straumprisane i heile Europa. Dette slår spesielt inn i Sør-Noreg, som er meir eksponert for europeiske prisar på grunn av utanlandskablane.

På toppen av dette kjem høge prisar på CO2-utslepp. Samtidig ligg fyllingsgrada i vassmagasina i Noreg betydeleg under normalt nivå. Det har òg vore lite vind i Noreg og Europa, som dermed har gitt mindre vindkraft.