IL Brodd har testa ut bruk av mobiltelefon for å registrere turpoeng i Fjelltrimmen. Her trykkjer Jørund Årdal på mobilen og blir registrert med tre turpoeng.

Registrerer trimpoenga med mobiltelefonen

Det starta med ein lys ide på eit styremøte. No har selskapet To-Labs AS utvikla eit system dei ansvarlege i alle trimgrupper kjem til å juble for, og IL Brodd er først ute i landet.

Det er eit svært tidkrevjande arbeid å legge ut, passe på, og hente inn bøkene på trimpostane og ved sesongslutt summere alle poenga til deltakarane. Å tyde ulike signaturar skrivne i regn og vind, er heller ikkje enkelt. Berre spør leiar i trimgruppa i Brodd, Arvid Lothe.
Fleire tusen
– Vi er fire personar i trimgruppa som har delt dei elleve fjelltrimpostane mellom oss. Når sesongen er over, lagar vi ei alfabetisk liste over alle deltakarane, registrerer kva postar dei har besøkt og kor mange gonger. Det vert lagt inn i eit rekneark og summert. Det er eit kollossalt omfattande arbeid, fortel Arvid Lothe. Han fortel at det årleg er rundt 10.000 registreringar på alle postane til saman og 500-600 deltakarar i Fjelltrimmen til Brodd.

– Deltakinga er aukande. I fjor var det eit byks på 1500 fleire registreringar, og for 2014 kjem det til å bli endå meir fordi det har vore mykje flott turvêr. Enkelte går svært mykje, særleg til støylane, seier Arvid. Sidan i vår har IL Brodd testa ut eit heilt nytt system.

På styremøte
– Ideen kom opp på eit styremøte der det vart fleipa litt rundt alt arbeidet med registreringane. ”Tenk om det berre var å trykkje på ein knapp på telefonen når du var på posten”, vart det sagt. Det fortel styremedlem Jørund Årdal. Slik starta det, og Jørund tok ideen vidare til ein kamerat i firmaet To-Labs AS.

 

Les meir i papirutgåva onsdag.