Håp for fiber i heile Jølster

I samband med kommunesamanslåinga fekk Sunnfjord kommune såkalla reformstøtte på 23,3 millionar. Pengane er så langt ikkje brukte.

I økonomiplanen som skal vedtakast i neste veke har kommunedirektør Ole John Østenstad laga eit framlegg til bruk av pengane. Noko av dei vil han bruke på fiber.

Myklebust og Helgheim: Kommunedirektøren i Sunnfjord vil bruke pengar til å få på plass fiber i dei grendene som manglar det i Jølster. Mellom anna gjeld det Helgheim og indre Sørsida.

Etterslep på breiband

I Sunnfjord kommune står det att nokre mindre område utan tilgang på fiber. I Jølster handlar det om til saman 150 husstandar. Det er for det første nokre mindre område med 37 husstandar der det handlar om ein pris på 1,2 millionar. For desse er det snakk om statleg/fylkeskommunal medverknad på 750.000. Resten er tenkt finansiert med 15.000 per husstand i eigeninnsats i tillegg til dugnad på 134.000.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det største området som står att i Jølster er det som blir kalla Helgheim og indre sørsida med til saman 113 husstandar. Fiberutbygginga her vart lyst ut på tilbod i fjor, men prosessen avdekka at det mangla 1,4 millionar kroner på full finansiering, grunna at det vart dyrare enn først tenkt, og at det også mangla ein del eigenfinansiering. Alt i alt mangla det 1,4 millionar, noko Jølster kommune ikkje fann rom til i sitt budsjett i fjor. Saka gjekk dermed over til Sunnfjord kommune.

Kan bli løysing

Torsdag skal formannskapet handsame ei sak som handlar om kommunal medfinansiering av breibandutbygging i dei områda som står att.

Alt i alt handlar det om fem område, fire av dei fekk statlege og fylkeskommunale tilskot i fjor. Det femte, Helgheim og indre sørsida, fekk midlar i 2018 og vart lyst ut i fjor. Dei andre er ikkje lyste ut enno, men vil bli det i løpet av juni, ifølgje kommunedirektøren.

Når det gjeld Helgheim og indre Sørsida, som har vore lyst ut før, skriv kommunedirektøren følgjande i saksutgreiinga:

– Det er avtalt at fylkeskommunen lyser ut prosjektet på nytt anbod saman med dei tre 2019-prosjekta. Erfaringane frå førre utlysing tilseier at vi må forvente at kommunen må inn med finansiering for at prosjektet skal kome i gang.

Dermed ser det ut til at det kan vere håp om fiber for dei som enno ikkje har, om ikkje alt for lenge.

Jofrid Høydal: Jofrid Høydal tykkjer det er svært gledeleg at kampen om fiber no ser ut til å gå mot slutten.

– Dette er gledeleg

Jofrid Høydal er leiar for Myklebust grendelag og har arbeidd mykje med dette å få fiber på plass i grenda.

I fjor vart det innleia samarbeid med dei andre grendelaga innan området som i kommunedirektøren si saksutgreiing heiter Helgheim og indre Sørsida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er kjempepositivt og noko vi har venta på. Det handlar enkelt og greit om utvikling av grenda og eit viktig grunnlag for å få folk til å busetje seg her, seier Høydal som no kanskje ser slutten på ein lang kamp for fiber.