Nytt gull? Odd-Bjørn Hjelmeset er nøgd med oppladinga til verdsmeisterskapen i Liberec, og satsar på at storforma er like rundt hjørnet. Biletet er frå VM i Sapporo for to år sidan då han gjekk heilt til topps på femmila.

Rådmannen rår til nedlegging av tre skular

Gloppen kommune må spare inn 7 millionar kroner innan oppvekstsektoren dei komande åra. Debatten kring korleis dette skal gjerast har rasa i fleire månader. No har rådmannen kome med sitt framlegg i saka som først skal opp i Oppvekstutvalet onsdag 18. februar:
* Skulane kring Gloppefjorden vert samla til éin skule, Gloppefjorden skule, med to avdelingar: avdeling Sandane og avdeling Nordsida.
* Skulane i Breim vert samla til ein ny Breim skule lokalisert på Byrkjelo.
* Barnehagane i Breim vert vurdert samla til ein ny Breim barnehage lokalisert på Reed.

Kommunestyret skal ta endeleg avgjerd i saka 23. mars.

Rygg skule vert nedlagt om rådmann Marit Elisabeth Larsen i Gloppen får det som ho vil.