Sven Flo, ordførar i Stryn.

– Prioriterer eigne anlegg

– Anlegget det er søkt om midlar til ligg i Gloppen kommune. Primært prioriterer vi eigne anlegg, seier Stryn-ordførar Sven Flo (H).

Sist veke sa eit knapt fleirtal i Stryn formannskap nei til å imøtekome søknaden frå Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet om 50.000 kroner i støtte til løypekøyring. Ordføraren, som tilhøyrde fleirtalet, forklarer kvifor.

– Årleg forplikting

– Vi har utfordringar knytte til anlegga som ligg i Stryn kommune og må prioritere desse. Men vi har sagt at vi ønskjer ein diskusjon med Gloppen kommune vidare for å finne ut korleis vi skal innrette oss. Stryn kommune er medeigar i skisenteret, seier Sven Flo og avviser at stryningane vurderer å selje seg ut.

Les meir i papirutgåva onsdag.