Høgsesong for sending av pakkar er også høgsesong for forsøk på å svindle folk. Foto: Jil Yngland/NTB/NPK.

Posten åtvarar mot svindelforsøk

Det er høgsesong for svindelmeldingar på SMS, og problemet aukar i takt med at folk kjøper meir på nettet.

I førre veike åtvara Telenor brukarane sine om eit storstilt svindelangrep, der mottakarar av tekstmeldingar fekk beskjed om at dei hadde ein tapt samtale og ei talemelding i mobilsvararen.

No, rett før den verkelege julestria startar, går òg Posten ut og åtvarar om leveringsmeldingar som kan likne på meldingar frå dei, skriv NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir meir og meir profesjonelt, og det er vanskeleg å sjå kven som er ekte avsendar. Språket ligg ofte tett opp til det vi elles fører, seier pressesjef i Posten, Kenneth Tjønndal Pettersen.

Nesten halvparten av alle nordmenn over 18 år har i løpet av det siste året motteke ein SMS eller ein e-post med lenkje til ein nettstad som ber om sensitive opplysningar. 8 prosent oppgir at dei har svart på førespurnaden og gitt frå seg opplysningane det blir bede om. Det kom fram i ei undersøking frå NorSIS tidlegare i år.

(©NPK)