Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) ynskjer å auke den norske produksjonen av frukt og grønt. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Pollestad vil ha meir norsk frukt og grønt

Korleis kan vi auke produksjonen og forbruket av norske grønsaker, potet, frukt og bær? Landbruks- og matminister Geir Pollestad har møtt frukt- og grøntnæringa for å få deira syn på saka.

– Målet er å auke verdiskapinga for bonden og betre tilgangen på norsk frukt og grønt for forbrukaren. Frukt- og grøntnæringa har stort potensial for vekst, og merksemd rundt kosthald og helse gjer at dette er varer som det truleg vil bli meir etterspurnad etter, seier Pollestad i ei pressemelding.

I møte med Pollestad lyfta Gartnerhallen, Gartnarforbundet, Nordgrønt, Produsentforeningen 1909 og Bama fram fleire tiltak som dei meiner vil vere med på å auke den norske produksjonen, og gi auka del av norske varer i marknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var snakk om tiltak som risikoreduksjon for bønder, styrking av bonden sin posisjon i verdikjeda, øyremerking av IBU-midlar til teknologiutvikling og tydelege føringar for at norske varer blir prioriterte i offentlege innkjøp.

– Eg fekk gode innspel til det vidare arbeidet med å auke norsk grøntproduksjon. regjeringa har prioritert denne næringa i dei to siste jordbruksoppgjera, både med styrking av tilskot til bonden og verkemiddel til forsking og utvikling, seier Geir Pollestad. (©NPK)