Politioverbetjent Nils Ove Roset ved Gloppen politikontor fortel at kontoret er stengt for publikum komande veke.

Politikontoret er på flyttefot

Gloppen politikontor er i desse dagar på flyttefot.

I komande veke, frå 16. til 20. august, er det stengt for publikum i dei gamle lokala i Nordstrandsvegen 6.

– Måndag 23. august er vi på plass i nye lokale i Industrivegen 24, i blålysbygget like ved Bano og Frydenbø Bilsenter, opplyser politioverbetjent og kontorleiar Nils Ove Roset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han minner om at politiet alltid er å få tak i på telefon 02800, eller 112 om det er trong for umiddelbar hjelp.