Politiet plukka mange fartssyndarar

UP skreiv ut ti forenkla førelegg for høg fart under ein laserkontroll i 80-sona på E39 på Ålhus onsdag.

Høgste målte fart var 112 km/t.

Det vart også skrive ut fire forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon og to gebyr for manglande bruk av sikringsbelte.