Politiet meiner kvinne laug om overfallsvaldtekt i Førde

Politiet har sikta ei kvinne for falsk forklaring etter at ho melde ei overfallsvaldtekt i Førde sentrum i april i år. Ho nektar straffskuld.

Politiet meiner valdtekta ikkje har funne stad.

Dei er no nesten ferdig med etterforskinga. Det er innhenta og gått gjennom store mengder etterforskingsmateriale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På bakgrunn av den samla etterforskinga og bevisbiletet er vurderinga til politiet at det ikkje har skjedd ei overfallsvaldtekt, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

– Vidare har vi sikta ein person for feilaktig forklaring til politiet, skriv politiet vidare.

Det var natt til skjærtorsdag at valdtekta skulle ha funne stad.

Politiet forklarer at det vart brukt store ressursar på saka. Rundt 50 vitne er avhøyrde, etterforskarane har gått gjennom bilete frå overvakingskamera, det er henta inn teledata i tillegg til fleire andre etterforskingssteg.

Kvinna erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga, opplyser advokaten hennar Lene Knapstad til VG. Ho har ikkje endra forklaring om hendinga i ettertid, ifølgje advokaten.

Politiadvokat Merete Sundal understrekar at kvinna verken er tiltalt eller dømd.

– Vi er framleis på eit tidleg stadium i denne saka, det er viktig å presisere, seier ho til NTB. (©NPK)