Politiet har sikra video og bilete frå dødsulykka i Florø

Avhøyr er gjort, og overvakingsbilete og -video er sikra frå området der tre unge menneske døydde i ei trafikkulykke i Florø førre veke, ifølgje politiet.

Vidare undersøkjer politiet om den andre bilen som også var involvert, har dashbordkamera eller anna form for video, melder Bergens Tidende.

To unge menn og ei ung kvinne i slutten av tenåra og starten av 20-åra omkom fredag i ein frontkollisjon i Florø i Kinn kommune i Vestland. I den andre bilen som var involvert i ulykka, sat ein mann og ei kvinne. Dei vart lettare skadde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge dei to overlevande og andre vitne er avhøyrde, men politiet vil ikkje seie noko om kva dei har avdekt gjennom avhøyra.

– Det er for tidleg å seie noko om hendingsgangen. Det håpar vi den vidare etterforskinga vil gi svar på, seier politioverbetjent Wenke Hope til BT.

Ingen av dei involverte i ulykka har status som mistenkte eller sikta. Dei avdøde blir obduserte i løpet av veka. (©NPK)