Det gjekk truleg bra med vedkommande som køyrde i fjellveggen i Opljostunnelen.

Politiet får 370 nye stillingar i år

Politiet får 370 nye stillingar i 2018. Dermed vil det nasjonale bemanningsmålet om to tenestemenn per 1.000 innbyggjar truleg bli nådd før tida, seier Høgre.

– Vi satsar på å levere før planen. Det seier noko om at justisfeltet har fått enormt mykje middel frå dei borgarlege partia dei siste åra, seier stortingsrepresentant Peter Frølich (H) til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Det opphavlege anslaget for å nå for bemanningsmålet var 2021. No kan det skje innan 2020.


I forslaget til statsbudsjett var den årlege finansieringa av nytilsettingar fjerna frå budsjettet. Men etter forhandlingane la samarbeidspartia 131 millionar kroner på bordet.


Av dei 370 nye stillingane går 86 til Oslo politidistrikt, mens Aust og Vest politidistrikt får høvesvis 49 og 35.


– Retorikken til opposisjonen får seg eit brutalt og hardt møte med verkelegheita no, seier Frølich.


Høgre fekk i fjor haust mykje kritikk for ikkje å levere på løftet om 1.500 nye politifolk fram mot 2021. Frølich kallar det skremselsretorikk frå Sp og opposisjonen. Men nestleiaren i Stortingets justiskomité, Jenny Klinge frå Sp, seier han «kan skryte så mykje han berre vil».


– Faktum er at regjeringa verken i 2017 eller 2016 har halde ord. Derfor blir det spennande å sjå om Frølich og regjeringspartia vil lykkast i år, seier ho til ANB. (©NPK)