Det er lang ventetid for å få pass og nasjonalt ID-kort. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Politidirektoratet: Ikkje bestill utanlandsferie viss ikkje du har pass – leveringstida aukar

Leveringstida for pass vil halde fram med å auke i vekene som kjem, og politiet ber folk om å ikkje bestille utanlandsferie før dei har fått passa sitt.

Per i dag er leveringstida for pass sju veker, og ventetida vil truleg auke til ti veker innan juli, opplyser Politidirektoratet.

Dermed må ein søkje om pass dei næraste dagane for å få dette før fellesferien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vil på det sterkaste oppmode folk til å vente med å bestille utanlandsferie til dei veit at dei har reisedokumenta sine i orden, seier avdelingsdirektør Bjørn Vandvik i Politidirektoratet.

Kortare ventetid for ID-KORT

For nasjonalt ID-KORT er ventetida noko kortare, og ein bør søkje innan slutten av mai for å få ID-KORTET i tide til fellesferien. På grunn av ventetida oppmodar Vandvik folk som skal reisa innanfor EU-/EØS-landa og Sveits, til å søkje om ID-KORT framfor pass.

Pandemien og krigen i Ukraina skaper problem i forsyningskjeda for viktige materiale som blir brukte i produksjonen av pass og nasjonale ID-KORT. Det gjer at leverandøren ikkje klarer å produsere i takt med etterspurnaden. Ein kan heller ikkje belage seg på å søkje om nødpass.

Normal situasjon i oktober/november

– Produksjonsproblema påverkar også mellombelse pass, eller nødpass. Det er ein avgrensa tilgang på denne dokumenttypen, og vi må gjere nokre grep for å sikre at personar som er i ein nødssituasjon, får det dei har behov for. Det betyr at folk ikkje kan belage seg på eit nødpass for å komme seg på utanlandsferie, seier Vandvik.

Politiet trur situasjonen først vil normalisere seg i oktober/november.

Til no i år har politiet registrert 533.000 søknader om pass og nasjonale ID-KORT. Til samanlikning registrerte politiet 270.000 søknader om pass i siste normalår, 2019.