Kokken Tor er klar for fest med sunnfjordingar.

Plumbo og kokken på Vinterfest

Sunnfjord Vinterfest i Førde er klare med Plumbo, ViMenn, Olivia McPeek Dvergsdal, Pål Riise og Kokken Tor. Sunnfjord musikkforum legg opp til fest og moro, noko artistlista ikkje legg skjul på.



PLUMBO såg sitt lys fyrste gang i 1999. Dette har så langt resultert i 4 Gullplater, 1 Spelemannspris og 6 cd utgjevingar. «Full Opning» (2002), «På vei til Harryland» (2006). «Råkk`n Råll Harry» (2010), «Møkkamenn live» (2011), «Rådebank» (2012), «Kom Som Dæ Sjæl» (2014), «Haraball» (2016)

Plumbo har mange hitlåtar m.a. «Møkkamann», «Ola Nordmann», «Kong Alkohol», «Rådebank» og har med felespelaren Olivia McPeek Dvergsdal er gjesteartist.

KOKKEN TOR er eit norskrock coverband frå Sandane/Florø. Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hitkonsert.

Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det «galnaste» og «råaste» norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.


VIMENN frå Førde spelar party- og rockelåtar som er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede. At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn.

PÅL RIISE er den heilsprøe finnmarkingen, som for mange kanskje best kjent som Facebook-fenomenet DJNNS. Mannen som mellom anna ”avslørte” lengdejukset på Lambis do papir, blei krona til Nuddelprins av sjølvaste Mr. Lee, forsøkte å koke Freia sitt påskeegg, og fekk Stoltenberg til å love han pengane tilbake for juletreet, dersom mayaindianarane hadde rett om jorda sin undergang i 2012.

Har du ikkje vore på Plumbo-konsert, så ta turen på «Sunnfjord Vinterfest» i Førde laurdag 18.februar, du vil ikkje angre melder Sunnfjord musikkforum.

Plumbo
ViMenn