– Plukk søppel

– Ta med plastpose og plukk det søppelet du ser, same kvar du går, oppmodar Tormunn Skarstad.

Han har rydda ei 700 meter lang strekning på den eine sida av E39 på Austrheim, og er lettare oppgjeven over alt folk kastar frå seg.

– Det er utruleg kor mykje ein finn når ein først tek til å plukke. No er det rett tid å plukke søppel, før lauvet og graset kjem og alt gror ned, seier Skarstad og vonar mange følgjer eksempelet hans.