Det å ta ein liten tur i nærområdet og rydde søppel saman er ein fin måte å lære barna korleis ein skal oppføre seg i naturen. Foto: Kasper Fosser.

– Plukk søppel når du går på tur i helga

Alle i Noreg blir oppmoda til å bli med på den nasjonale ryddedugnaden «Tur med meining» frå 8. til 10. september. Bak tiltaket står Norsk Friluftsliv og Hold Norge Rent.

– Søppel i naturen er faktisk det flest irriterer seg over når dei er på tur, og i tillegg er det skadeleg for både dyr og miljøet. Derfor håpar vi at så mange som mogleg vil engasjere seg og bli med på denne viktige dugnaden, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

«Tur med meining» inneber at ein går tur i sitt eige nærområde og plukkar opp søppel som er etterlaten i naturen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Finn eit område som treng litt kjærleik, anten det er ein skog, ein sti eller eit anna friluftsområde. Det du finn puttar du i ein pose, og kastar i din eigen søppeldunk. Så er det berre å kjenne det gode samvitet breie seg, seier Bente Lier.

Ho oppmodar alle, frå privatpersonar til arbeidsplassar og skular, til å ta beina, arbeidshanskar og ein søppelpose fatt, og bli med på dugnaden. ©NPK)