Det vart mykje mindre plommeplukking i Hardanger i år enn tidlegare år. Plommesesongen er den verste på 60 år. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Plommekrise i Hardanger

Den samla fruktavlinga i Noreg har gått ned med meir enn éin tredel sidan i fjor, ifølgje Grøntprodusentene. I Hardanger er plommesesongen den verste på 60 år.

Kulda i blomstringa er blant årsakene til dei dårlege avlingane, skriv NRK.

Hos Hardanger Fjordfrukt enda fjorårets sesong på 500 tonn plommer. I år passerer dei 30 tonn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fruktlageret på Utne har aldri før hatt så få plommer inne som no, og nedgangen er på heile 90 prosent frå i fjor. Det gir den verste plommesesongen på 60 år.

Også epla slit, delvis òg på grunn av rognebærmøll, som i år har lagt egg i epletrea på grunn av lite rognebær.

(©NPK)